Stankelbein - Norsk Landbruksrådgiving Rogaland

Stankelbein

19.08.2019 (Oppdatert: 20.08.2019) Lars Kjetil Flesland

Myrstankelbein kan enkelte vårar og forsomrar gjera lokalt stor skade i eng og beite hjå oss, som sist vår i søre deler av fylket og i Ryfylke.

Beite sterkt angripe av stankelbeinlarver på Høgjæren, våren 2019. Foto: Ragnvald Gramstad

Vår erfaring er at når vi får store skadar, er det etter ein våt haust og mild vinter. Ofte skjer skaden på areal med mykje gras som står igjen om hausten, - også på godt drenert areal. 

Det er larvene som gjer skade. Dei lever av røter, rothals og spirer av gras og korn, og kan gnage over rothalsen på utplanta grønsaker. Larvene forpuppar seg kring Jonsok. Sverminga til dei vaksne insekta er frå om lag 20 juli og ein månad framover. Kvar hoe kan leggje 3-400 egg. Egga klekker etter 2 veker og vert til små larver som overvintrar under gode forhold. Ut over våren veks dei seg større, opp til 3-4 cm lange. Det er i den siste vekstperioden før forpupping at dei største skadane skjer. 

Kva skal til for at vi kan frykta eit angrep?

I følgje Bioforsk, har dei i Tyskland funne ut at kjøleg sommar, mild vinter med meir enn 600 mm nedbør gir ideelle forhold for stankelbein. Turr og varm haust vil gje nedgang i populasjonen, og mindre fare for angrep. Hausten 2018 var våt og vinteren mild. Mange stader fekk vi god vekst i eng og beite, men været hindra innhausting i "rett" tid. Kan dette vore medverkande til sterkare angrep? Men vi har også fått melding om at godt kalka beite vart mindre angripne enn ukalka beite. Dalane forsøksring registrerte i 1999 førekomsten av larver i beite, etter eit betydeleg angrep der året før. I midten av mars talde dei opp 500 larver pr. m2. Larvane var då 1 cm lange, og dei aller fleste var heilt i jordoverflata. Ein månad seinare var talet på larver redusert med 70%, til 150 larver pr. m2. Halvparten av tida mellom dei to registreringane låg temperaturen mellom 0 oC og -6 oC. Kanskje dette var nok til å ta knekken på mange larver? Parasittar, fugl og andre naturlege predatorar er også med på å redusera talet på larver. I dalane vart det ikkje betydelege skadeangrep i 1999.

Kva kan me gjera?

Vi har ingen godkjente kjemiske midlar mot stankelbein. Det finst nokre som meiner angrepet kan reduserst noko ved å spreie brent kalk, -eller kalksalpeter, om natta når skaden byrjar å visa seg om våren. Ved haustgjenlegg bør ein pløye før egglegging i august. Grønsaker, som t.d. kål, bør ikkje plantast der det har vore eng med stankelbeinangrep året før. Eng som er herja av stankelbein, bør ikkje pløyast før etter forpupping kring Jonsok.

I Storbritannia rår dei til å la pløgsla ligge open i minimum to veker (helst fire) for at fuglar og andre rovdyr kan renske best mulig opp i jorda.

Skadetersklar

Kor mykje stankelbeinlarver det er i jorda kan ein finne ut slik: Slå eit plastrøyr 5 cm ned i bakken. Fyll røyret med saltlake (1 kg salt i 5 l vatn). Etter 10-15 minutt vil stankelbeinlarvene i jorda under kome opp og bli liggande i laken. Desse kan så teljast opp og omrekna til tal larver pr. m2. T.d. har du eit plastrøyr med diameter 10 cm, og får opp 20 larver, vil dette tilseie 20*1000/(5*5*3,14)=254 larver pr m2.

Danske skadetersklar. Kjelde: Bioforsk.

I eng:        300 larver pr. m2 om hausten, eller 100 larver pr. m2 om våren.
I vårkorn: 100 larver pr. m2.

Anette Sundby i NIBIO har skrive litt om stankelbein: https://www.nibio.no/nyheter/liten-larve-skaper-stort-trobbel?locationfilter=true

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.