Straumbrot – kva gjer du? - Sognekraft (nett)
Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Straumbrot – kva gjer du?

Har straumen gått heime hjå deg? Her er ei sjekkliste over kva du bør gjera ved straumbrot.

 

Sjekkliste ved straumbrot

  1. Er straumen vekke berre hjå deg?
  2. Sjå om naboen har straum. Viss straumen er vekke berre hjå deg, er det mest truleg at straumbortet skuldast feil i eige hus. Då kan du prøva følgjande:
  1. Sjekk sikringane
  2. Viss straumen er heilt vekke skal du først sjekka hovudsikringen i sikringsskåpet. Har du skrusikringar/patronsikringar, så skift desse. Det er vanskeleg å sjå om det er brot i slike. Har du luftleidningar til huset er desse sikringane ofte plassert på loft. Har du automatsikringar, skal brytaren venda opp eller proppen vera trykt inn.
  3. Har jordfeilbrytaren slege seg ut?

Klarar du ikkje å slå jordfeilbrytaren på att, kan du skru ut/slå av alle sikringane og slå på jordfeilbrytaren att. Så krur du inn/slår på ein og ein sikring til du finn kursen med feil. No kan du slå av eller trekkje ut kontakten på alle apparat som får straum frå denne kursen, og slå på eitt og eitt til du finn «syndaren». Denne må fråkoplast.

 

  1. Er straumen vekke hjå fleire?

Er fleie hus utan straum, ligg feilen truleg i nettet. Er straumen vekke hjå fleire enn deg, må du først sjekka om det er eit planlagt straumbrot. Planlagde straumbrot vert som regel varsla via sms eller på selskapet sine nettsider.

Dersom alt er i orden heime hjå deg, og du ikkje finn varsel om planlagt arbeid hjå din straumleverandør, bør du snarleg ta kontakt med nettselskapet. Har du høyrt smell eller sett glimt eller røyk, er det ekstra viktig at netteselskapet får melding om dette.

 

Førebyggjande arbeid: Meld frå om unormale ting

Det er veldig viktig at publikum melder frå om unormale ting i samband med straumførande leidningar, slik at selskapa kan driva førebyggjande arbeid og unngå straumbrot. Om du ser skadar på linjer, utstyr eller tre som står utsett til, er det flott om du melder frå til nettselskapet ditt.

 

Årsaker til straumbrot

Eit straumbrot kan ha mange årsaker, til dømes trefall, lynnedslag, uvêr, tekniske feil, graveuhell og fuglar. Trefall på linja er den vanlegaste årsaka til lengre straumbrot i Noreg. Sognekraft har om lag 1800 kilometer med straumførande linjer, mesteparten gjennom bratte og skogkledde fjellsider.

Lynnedslag i straumnettet er også ein vanleg årsak til feil og straumbrot, og kan i tillegg føra til skade på elektronisk utstyr. Særleg utstyr som TV, radio, PC og modem er utsett. For å unngå skadar ved lynnedslag kan du få ein elektrikar til å installera overspenningsvern. Viss du ikkje har overspenningsvern, bør du trekkja ut støypselet ved torevêr for å unngå å øydeleggja elektronisk utstyr og hindra brann.

(Kjelde: Svorka Energi)

Footer

Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.