Kva gjer du med mobbing?

Eg trur ikkje eg var ein typisk mobbar då eg var lita. Men eg kjente fleire som blei mobba. Og veit du noko som er fryktelig trist? Eg gjorde ingenting for å stoppa det.

No når eg er vaksen, så tenker eg at det nok var fleire i min klasse og på min skule som ikkje hadde det greit. Andre barn var stygge mot dei. Sa stygge ting til dei og om dei. Eg gjorde ingenting. Jo, forresten. Eg lo kanskje litt av det dei andre sa. Dessverre.

Som barn er ein oppteken av å bli likt av andre. For mange kjennes det viktigare enn å vera grei og ta seg av sine medelever. Ein vil ikkje bli mobba sjølv. Det vil jo ingen!

Heldigvis fins det barn som gjer noko. Som seier ifrå. Som tar parti med dei som blir mobba. Som ikkje er så veik som eg var.

Eg håpar at du er ein av dei. Eg håpar at du seier ifrå til læraren eller andre vaksne dersom du ser nokon som blir plaga. Eg håpar at du vil vera venn med dei som ingen andre vil vera venn med. Og eg håpar at du, når du blir 44 år slik som meg, kan tenka: Eg var aldri ein mobbar og eg gjorde noko bra for dei som blei plaga.

Helsing Torunn

 

 

Liker? - Du må logge inn for å kunne like denne siden! ⇣ Skriv ut

Hei!
Dulogge deg inn for å kommentere!
Du kan også registrere deg dersom du er ny!

  • EllenRebecca skrev en kommentar 6. januar 2016
    Enig med Linkus og helena-s
  • Linkus skrev en kommentar 3. desember 2014
    Det er helt sant, helena-s!
  • helena-s skrev en kommentar 26. november 2014
    det er ikke bra å mobbe andre!!!!!!