Arenarock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arenarock (òg kalla album-orientert rock [AOR], anthemrock, bedriftsrock, papparock, melodisk rock, pomp-rock og stadionrock[1] er ein type rock som oppstod i midten av 1970-åra. Då hardrockband og dei som spelte ein lettare, men likevel skingrande type poprock vart stadig meir populære, byrja grupper å skape songar meint for store publikum, og arenarocken utvikla seg ved å bruke ein meir kommersiell og radiovenleg stil. Musikken var ofte kraftig produsert, med ofte livlege, dramatiske songar og langsame powerballadar, med sterk vekt på melodi og ofte allsongvenlege refreng. Andre kjennetiekn var bruken av gitareffektar og klaverinstrument.[2][3][4][5]

Mange av merkelappane nemnde over er brukt nedsettande,[3][6][5] og diskusjonane til kritikarane går ofte inn på spørsmål om musikarane fokuserer for mykje på show-delen og masseappellen enn den kunstnarisk kvaliteten, særskild med tanke på skilnadane mellom dei store lyttarmassane versus andre lyttarar.[3][6] Interessa i arenarock er stereotypisk rekna som noko kvite menn i arbeidarklassen og middelklassen i Canada og USA høyrer på,[3][4] som er blitt sitert som grunnlag for nedlatande fordomar over sosial status av somme kritikarar.[3] Musikkstilen er derimot populær verda over, særleg i samband med store turnear.[2][3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Crystal 2014, s. 220, see definitions of AOR and pomp rock; «arena rock: 'also known as pomp rock, melodic rock, anthem rock, stadium rock, or AOR' ... [music critics] used negative expressions such as corporate rock in the 1970s and dad rock in the 1990s; Donaldson 2009, s. 248, »... it was something called 'arena rock' or sometimes 'anthem rock'«; Joyner 2008, s. 261
  2. 2,0 2,1 «Pop/Rock » Hard Rock » Arena Rock». AllMusic. All Media Network. Henta 18. juni 2017. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 McDonald 2009, s. 54–56, 62–65, 196–206.
  4. 4,0 4,1 4,2 Donaldson 2009, s. 248.
  5. 5,0 5,1 Crystal 2014, s. 220.
  6. 6,0 6,1 Smith 2006.