Folketoget på Markhus i 2022 anført av Jon Arne Markhus med flagget. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Folketoget på Markhus i 2022 anført av Jon Arne Markhus med flagget. FOTO: MAGNE SKÅLNES

Slik feirer bygdene i Etne og Vindafjord 17. mai

Her er oversikta over programmet for 17. mai-feiringa i Etne og Vindafjord, sortert alfabetisk etter stader.

PS! Grannar rekk ikkje over alle bygdene på nasjonaldagen – difor er det supert om du vil dele dine 17.mai-bilde med lesarane. Send innn bilde på MMS til tipstelefon 97570789 elle på e-post til tips@grannar.no – så lagar me eit eiget fotoalbum frå feiringa! Hugs å skriv kor bildet er tatt, namn på fotograf og gjerne evt. namn på dei som er avbilda.

Bjoa

  • 07:00: Salutt
  • 10:30: Gudsteneste i Bjoa kyrkje
  • 11:10: Kransenedlegging
  • 11:20: Toget går frå kyrkja til Bjoa skule
  • 12:00: Opning med kafe og kiosk, sal av lapskaus, kaffi og kaker, loddsalg
  • 13:00: Tale for dagen ved Victoria Heggebø Sandsgård og Liv Kristine Ridgwell
  • 13:20: Leikar for barn og vaksne
  • 15:00: Bygdakamp
  • 15:30: Premieutdeling og loddtrekning
  • 16:30: Avslutning

Etne

  • 08:00: Flaggheising ved Enge skule, Etne Skulekorps, Grethe Sølvberg og Anita J. Grindheim spelar
  • 11:00: Festgudstjeneste i Etne kyrkje ved sokneprest Kari Vik Stuhaug
  • 11:30: Sal av kaker, kaffi, is og pølser i Foajè Skakke og Skakkehallen
  • 11:45: Oppstilling i toget ved Etne kyrkje
  • 12:00: Toget går
  • 12:30: Leikar for alle i Skakkehallen
  • 13:00: Programstart i kinosalen på Skakke, konferansierar: Synnøve L. Viskjer, Musikklaget spelar, 17. mai tale ved Ove Kahrs Wangensteen, innslag frå 7. klasse ved Enge Skule, tale ved russepresident Ida Marie A. Hjelmeland
  • 14:00: Traktortog oppstilling ved Bondekompaniet
  • 15:00: Gratis kino på Skakke, «Ender på eventyr»

Fjæra

  • 13:30: Gudstjeneste ved Egen Larsen i Fjæra kapell, krans blir lagt ned av årets konfirmantar: Ole, Kari og Åsa
  • 14:00: Tog til idrettshuset, tradisjonell feiring på huset med leikar, tipping og hesteskokasting, middag med kaffi og kaker

Grønstad

  • 14:00: Tradisjonell feiring med sal av varm mat, kaker, is og leikar for store og små
  • Tale for dagen

Imsland

  • 07:00: Salutt
  • 08:00: Flaggheising
  • 10:00: Gudsteneste i Imsland kyrkje
  • 11:00: Sal av mat
  • 12:00: Leikar og aktivitetar
  • 12:30: Kappspringing, 60-meter
  • 14:45: Tale ved Silje Ildstad
  • 15:15: Folketog
  • 16:00: Premieutdeling

Markhus

  • 15:00: Tog frå Åkrafjordtunet til Grohall, lapskaus, kaffi og kaker, leikar og konkurransar for born og vaksne

Rygg

  • 14:00: Velkommen til 17. mai-fest på Rygg Bedehus, Ståle Tungesvik spelar festmarsj, 17. mai tale av Steinar Aalvik, nasjonalsongen spela av Ståle Tungesvik, leikar for born og vaksne, sal av lapskaus, pølser i brød, kaker, is, kaffi og brus, lotteri med flotte gevinstar

Sandeid

  • 08:00: Flaggheising
  • 11:00: Barne- og folketoget stiller opp på skulen
  • 11:15: Toget startar
  • 12:00: Gudsteneste i Sandeid kyrkje
  • 12:00: Opning sal av mat og drikke
  • 13:00: Opning og underhaldning frå scenen, tale for dagen ved Georg Matre Helgevold og Magnus Solberg, sal av middag, grillmat, kaffe, kaker, is og brus
  • 14:00: Leikar for born
  • 14:30: Aktivitetar for born, ungdom og vaksne
  • 15:20: Utdeling av premiar
  • 15:30: Fotballcup og felles avslutning

Skånevik

  • 07:00: Salutt
  • 08:00: Flaggheising ved Skånevikspeidarane
  • 11:00: Gudsteneste ved Egen Larsen
  • 12:00: Samling ved Skånevik skule, toget går til omsorgssenteret, kransenedlegging ved minnesmerke, Skånevik musikklag spelar, song og appell ved omsorgssenteret, toget avsluttar ved kaien
  • 13:30: Leikar og moro ved Skånevik Kultur- og idrettshall, sal av pølser, is, brus, kaffi og kaker, Skånevik Fjordhotell har 17. mai-buffé kl. 13:00-18:00
  • 15:30: Samling med underhaldning i Skånevik kultur- og idrettshall, tale for dagen ved Linda Bøthun

Skjold

  • 07:00: Salutt ved Sprengaren
  • 07:30: Avgang frå parkeringa mot Haukaberg
  • 08:00: Flaggheising ved Skjold Bygdekvinnelag
  • 10:00: Folketoget går
  • 11:00: Appell ved 7. trinn
  • 11:30: Gudsteneste ved Torgrim Vea
  • 11:30: Dørene opnar på Skjold Arena
  • 12:00: Matservering startar ved Skjold Arena
  • 12:30: Leiker og natursti startar
  • 15:00: Middag, leikar og natursti avsluttast
  • 15:00: Tale for dagen ved Emma Bjelland Ingebrigtsen
  • 15:30: Premieutdeling
  • 16:00: Fotballkamp mellom 7. trinn og foreldra

Stordalen og Sævareid

  • 14:00: Tog frå Kroa, tale for dagen ved Idun Øvernes, mat, leikar og drøs

Sørstranda

  • 07:00: Salutt
  • 12:00: Folketog i Etne sentrum
  • 14:00: Kafeen opnar på grendahuset, sal av betasuppe og kaker
  • 14:30: Tale for dagen, leikar for små og store

Vats

  • 10:00: Gudsteneste i Vats kyrkje
  • 10:45: Kransenedlegging
  • 11:00: Tog frå kyrkja til Vindafjordtunet
  • 11:45: Appell ved Vindafjordtunet ved Karen Blikra-Ohm og Camilla Nordtveit Vestre, song av elevane frå Vats skule
  • 12:00: Sal av mat og kaker i gymsalen og teltet ved Vats skule
  • 12:30: Leikar for små og store på skuleområdet, barnehage- og skuleleikar på kunstgrasbanen
  • 14:00: Tale for dagen ved Kristin Hafstad Stokka
  • 14:30: Premieutdeling og avslutning for dagen
  • 16:00: Oppstilling for bilkortesje ved Vindafjordhallen

Vikedal

  • 07:00: Salutt
  • 08:00: Flaggheising
  • 08:30: Bilkortesje frå bygdahuset leia av Harald Hundseid
  • 10:00: Folketog frå bygdahuset, avslutta ved kyrkja med kransenedlegging ved minnestøtta
  • 11:00: Gudsteneste i Vikedal kyrkje
  • 12:00: Matsalet opnar på bygdahuset
  • 12:30: Leikar og natursti opnar
  • 14:00: Årskulla spring
  • 15:00: Tale for dagen ved Arild Austrheim, musikalsk innslag ved Mari Aalmo og Nilsy
  • 15:30: Premieutdeling

Vikebygd

  • 05:30: Avgang til Trodlanibba frå bedehuset
  • 07:00: Flaggheising på Trodlanibba
  • 09:45: Flaggheising i parken ved speidarane
  • 10:00: Gudsteneste
  • 10:45: Kransepålegging og tale for dagen ved 7. klasse i Vikebygd
  • 11:15: Folketog til Bygdahuset
  • 11:30: Kafé og kiosk opnar
  • 12:00: Leikar for born, unge og vaksne
  • 14:00: Fotballkamp på grasbanen
  • 14:30: Program i storsalen med musikk, tale, underhaldning og premieutdeling

Ølen

  • 09:45: Kransenedlegging ved elevar frå 6. klasse på Ølen skule
  • 10:30: Barne- og folketog frå Ølen skule, oppstilling kl. 10:15
  • 10:50: Program ved Ølen Omsorgssenter, fellessong – Ja, vi elsker dette landet, song ved 1.-4. klasse, fellessong – No livnar det i lundar, toget går vidare til Ølen kulturhus
  • 11:15: Ølen kulturhus opnar, kafé og kiosk
  • 11:45: Gudsteneste på Ølen Kyrkjetun ved prest Sigfred Sørensen
  • 12:30: Leikar i aktivitetsparken ved Ølen Kulturhus
  • 14:00: Program for dagen på Ølen Kulturhus med tale ved Russepresident Ida Marie Hjelmeland og Miriam Aareskjold, fellessong – Ja, vi elsker dette landet, filmframsyning av kransenedlegging, innslag frå 6. klasse, premieutdeling og kåring, fellessong – Gud signe vårt dyre fedreland

Ølensvåg

  • 08:00: Flaggheising
  • 12:00: Kafeen opnar
  • 12:30: Toget går
  • 13:00: Tale og underhaldning ved 6. klasse
  • 13:30: Leikar og aktivitetar
  • 15:00: Premieutdeling og fotballkamp
  • 17:30: Frisbeeturnering og tradisjonelle 17. mai-leiker på Lundeneset, gratis hamburger og pølser, kort appell og allsong

Last ned programmet i PDF-format her

17. mai-programmet