Anmeldelse: «Tillflykten» av Alvina & Gard – Anmeldelser og anbefalinger
Anmeldelse

Forførande felespel

Feleduoen har laga musikk som antydar noko større.

Pressebilde for folkemusikkduoen Alvina & Gard og deres album «Tillflykten».
Foto: Alfred Bergkvist
Terningkast 5 Musikk

«Tillflykten»

Alvina & Gard

Folkemusikk

25. april 2024

På deira nysleppte debut­album «Tillflykten» presenterer den norsk-svenske feleduoen Alvina & Gard ein rekke sjølv­komponerte låtar som dei hevdar er forankra i norsk og svensk tradisjons­musikk.

Om ein skal skriva ny folke­musikk, må ein passa seg for dei mange fall­gruvene ein kan hamna i.

Musikken kan til dømes enda opp med å bli ein romantisert versjon av folke­musikken, eventuelt endå verre, ein karikatur av han.

Ein annan fare er at dei folke­musikalske elementa blir brukt så omsynslaust og omtrentleg at dei fullstendig mistar kontakt med tradisjonen dei kjem frå.

Så når Alvina & Gard har skrive åtte nye melodiar, blant anna gang­låtar, bygde­dansar i tretakt, valsar, jig og reinlendar, lyttar eg med ein viss aktsemd: Har Alvina & Gard hamna i ein av fall­gruvene?

Det lèt til at duoen har klart å unngå dei utan å anstrenga seg.

Pressebilde for folkemusikkduoen Alvina & Gard og deres album «Tillflykten».

Alvina Herbinger Rygne kjem frå Örebro, har røtene sine i den svenske folkemusikken og er såkalla «riksspelman» i Sverige.

Pressebilde for folkemusikkduoen Alvina & Gard og deres album «Tillflykten».

Gard Nergaard har vakse opp med folkemusikken i Vest-Agder, men har budd i Sverige i mange år og dermed fått den svenske folkemusikken godt under huda.

Tuklar med formlar

Fele­spelaranes djupt­gåande kjennskap til tradisjons­musikken speglast klart i dei nyskrivne låtane.

Låtane til Alvina og Gard inneheld nemleg mange formlar.

Formlar er små musikalske motiv, tonar som blir spelt i ein bestemt rekkefølge, og kan reknast som typiske stiltrekk. Slike formlar finn ein mange av i folkemusikken. Dei er bygge­klossar som melodien konstruerast av.

Saman med frasering, takt og rytme, gjer formlane det ofte mogleg å identifisera kva område folke­musikken kjem frå.

Noko av det som gjer musikken til Alvina & Gard spennande, og ikkje minst moro å høyra på, er måten dei nøstar opp desse i formlane på. Dei bryt dei opp på uventa stadar, set dei saman i nye kombinasjonar, spenner dei ut og vever dei saman att. Velkjente formlar tar uvande vendingar. Det held musikken frisk og frodig.

Saman viser duoen at er fullt mogleg å vera innovativ innanfor relativt stramme folke­musikalske rammer.

I tillegg er det ein heil del leik i spelet til Alvina & Gard. Musikken rommar mykje impulsivitet. Resultatet er at eg blir engasjert i låtane: Eg sit spent og ventar på kor musikken vil føra meg.

Sjølv i dei lausare partia klarer eg å overlata meg sjølv til musikken. Eg stolar på kapasiteten til musikarane og kan difor lena meg tilbake og nyta ferda dei tar meg med på.

POLKA! Agenda er ein låt med ein agenda. Favorittdansen til Gard Nergaard er nemleg polka, ein dans han meiner rommar heile livet. Med denne låten prøver han å spreia polkaentusiasme til heile befolkninga.

Avbrot

Innimellom dei åtte nyskrivne låtane på albumet kjem nokon kortare, innskote improvisasjonar. Desse skapar musikalske pusterom og kjem som motstykke til dei framover­lente og meir offensive låtane, men eg er ikkje sikker på kor mykje dei eigentleg bidrar til å løfta opplevinga av albumet.

Dei små improvisasjonane er litt for snaue og fylt med så mykje nytt i seg at eg ikkje får fullt utbytte av den sedative eller narkotiske effekten dei potensielt sett kunne hatt.

Samstundes gir dei lyttaren eit innblikk i korleis Alvina & Gard kommuniserer saman i musikken, så totalt meinings­lause er desse poetiske små­stykka heller ikkje.

Eg saknar elles tydelegare kontrast til det energiske spelet Alvina & Gard stort sett gir oss. Albumet er prega av høg aktivitet, iver og fart. Sjølv når dei tar musikken ned, er det som at dei ikkje går langt nok ned.

Til gjengjeld så er albumet på sine tretti­seks minutt ganske kort, så poenget er kanskje ikkje at ein skal kvila så mykje. Her er bodskapen: Kom deg opp frå godstolen og dans polka!

TIL EI DRONNING: Charlotta er ein låt kalla opp etter Hedvig Elisabet Charlotta av Holstein-Gottorp. Ho blei nærast importert til Sverige som ei avlsku og var første dronning av unionen mellom Sverige og Noreg. Alvina bleiv veldig rørt etter å ha lese om historia hennar og tileigna denne låten til ho.

Kunsten å antyda

Noko av det som fascinerer meg aller mest med plata til Alvina & Gard, er korleis to feler kan mana fram eit inntrykk av noko mykje større.

Harmoniane dei to fele­spelaren eggjar fram, skodar liksom ut over seg sjølv.

Dei lirkar opp det musikalske rommet med enkle, men effektive verke­middel som andre­stemmer, fermatar, endring av register samt eit klokt veksel­spel, det vil seia måten dei to fele­spelarane går i dialog med kvarandre på.

Saman antydar dei ei stor klang­rikdom.

Eg kan enkelt førestilla meg korleis låtane ville blitt arrangert til eit filharmonisk orkester. Det er som at samspelet deira allereie impliserer orkesteret, og musikken stig ut over dei fele­messige grensene.

Stundom gløymer at det berre er to feler eg lyttar på. Det er godt gjort. Alvina & Gard beviser at heil­skapen er større enn summen av dei einskilde delane.

Eg ser fram til å følga duoen vidare.

Hei!

Eg er frilansar og folkemusikkritikar i NRK. Har du tips til noko eg burde høyrt, eller tilbakemelding på noko eg har skrive? Send meg gjerne ein e-post!